Guløy Jan Kidøy les
Arne Høyland Arne Høyland
900 subscribers
198 views
3

 Published On Dec 29, 2023

GULØY
av Jan Kidøy


Så var det her dei bolde tingmenn drog,
inn denne åpne fjord!
Dei hadde reist frå heim og jord og plog
frå aust, frå sør og nord.


Ved Segløylandet opna fjorden seg
slik merketeikna sa.
«Heis segla opp den siste, strake veg,
til Guløy vil me dra!»

Langt framme kan dei skimte øya no
frå sjø ho stig så bratt.
Dei minnest alt som er fortalt om ho
frå sagn om gull og skatt.


Ved Botolfsmess, før onnetid tek til
dreg dei til Gulating.
Slik møtest dei ein Torsdag i april
der retten sit i ring.


Til lendet siglar mange båtar inn
dit folk skal gå iland.
Dei nyttast no, dei gamle trappetrinn
som før vart sett istand.


Eit år har gått frå sist dei møttest her
og praten går så glatt!
Så stien opp blir ikkje til besvær,
om enn det er litt bratt.


I båtane ligg bryngjer, sverd og skjold,
dei kan’kje takast med.
Ein heilag plass må være uten vold,
her skal det herske fred.

No ser dei folk som ror frå austerled,
dei kjem frå over fjell.
Ved Oppdalsøyra har dei kome ned
med hest og dyrefell.




Det strøymer på med folk frå alle lag
og mange er befalt.
Og alle har sett fram til denne dag,
dei veit dei får betalt.


På Flolidlandet er det godt med plass
til handelsbod og telt.
Der kan dei legge av sitt reiselass
og få sin lekam stelt.


Men oppe på den gamle, rette stad,
det trygge skjulte skar,
set tingmenn seg i rekke og i rad
når sak og dom er klar.


I veker to, ja kanskje og i tre
skal saker fram til dom.
Dei fleste år var kongen også med
dei venta at han kom.

Frå denne stad vart landet styrt med lov
og skaldar skreiv i stein.
Her fall det dom om arverett og rov
og rettens veg var bein.


Og vart det ikkje semje mellom to
så enda det med strid.
På Timrøyna i ring på grøne mo
fekk ein si endetid.


I alle år, heilt fram til denne bolk
har Guløy lyst så klart!
I minnet til det staute, sterke folk
var gamle ord bevart.


Me lyser fred i Norrøn tru og håp
for denne gjeve stad.
Må Guløy få ein heilag æresdåp
i kvart eit soleglad.


Refreng:


Med råseglet oppe
og vinden på lag
kan ingen oss stoppe,
me reiser i dag!
Til Guløy går ferda
i ætt etter ætt,
så alle kan læra
om folket sin rett.

show more

Share/Embed